Instruktørar

Desse jobbar på Norsk Kystleir

Magnus Willumsen er "rektor" for Norsk Kystleir / Krokpollen Kystleirskule.

  • Det er kjekkare å invitere, framfor å privatisere. Velkomen til Krokpollen !
  • Idealisme er drivkrafta, og han har vore engasjert i ungdomsarbeid sidan han starta som trenar som 16-åring.
  • Glade ansikt som meistrar nye ting er til stor inspirasjon. Om dette er innan idrett, musikk, eller på sjø, er det same. Skilnaden er at alle har like gode føresetnadar for å meistre ein båt... 

Britt Glomnes Willumsen er kona til Magnus... Ho gjer det koseleg og triveleg under leiren. 

Bernt Einar Hogstad er no berre sporadisk med oss, og er no busett i Tylldal (Tynset). Han dykkar, fiskar, og elskar Krokpollen framfor alt - unnateke kjærasten.  

 

Sindre Willumsen er styrmann på ferje. Han likar å dykke, spele fotball og volleyball, han kan alt i Krokpollen. Han stiller på i Krokpollen så ofte han kan. 

 

Sjur Atle Austrheim er alt-mogleg-mann. På leirar stiller han som skipper på havseglaren, som kokk, som fiskeriminister, og ei heil rekke andre oppgåver. I 28 år flaug han rundt verda med SAS, no er han pensjonist med eit utal hobbyar.

 

Ellen Skipenes er smilande medhjelpar på alle plan i Krokpollen. Ho er i kajakk, på brygga, og syt for at ingen er svoltne.

 

Roar Willumsen er utdanna barnevernspedagog, og i Krokpollen er han alt-mogleg-mann. Han har delvis vokse opp her, og tek seg av roing, padling, opplæring på påhengsmotor m.m. Han likar å dykke, spele fotball og volleyball.

 

Audun Egge er pensjonert båtsmann. Han er ein trollmann med tauverk, og lærer villeg vekk knopar, stikk, og spleis. Audun er pensjonist, og berre av og til er han i Krokpollen. 

 

Marit Hogstad er vannski-dronninga i Krokpollen. Ho hjelper til med alle oppgåver.