Om oss

"Invitere framfor å privatisere"  er motto for Krokpollen, der leirskulen vert driven som ei utvida familiebedrift.  

Idealisme er drivkrafta for engasjement i ungdomsarbeid, slik også i Krokpollen. Glade ansikt, meistring av nye ting, gjev stor inspirasjon. Om dette er innan idrett, musikk, eller på sjø, er om lag det same. Skilnaden er at alle har like gode føresetnadar for å meistre ein båt...

Magnus Willumsen har bygd opp anlegga og har starta tiltaka i Krokpollen. Han er utdanna ved Norges Idrettshøgskule. Han har vore idrettsfaglærar i 31 år, og har vore trenar i idrettslag i 36 år. I 10 år arrangerte han Norsk Idrettsveke på Byrkjelo/Gloppen, med opptil 360 deltakarar. Han starta Idrettsklubben til Breimsbygda IL, og leia denne i 11 år. Sidan 2000 har han vore "rektor" på eigen kystleirskule, og har gjennom åra sett sitt stempel i panna på over 20 000 ungdomar. Han kan vere plagsom både med korona-orkesteret sitt (trompet og orgel) og med "skrekkspelet" sitt. Han har ei fortid med "Karsten Warholm"-idrett. På dette biletet er det i bryllaupsdress då han gifte seg med Britt.   

Instruktørar:

Instruktørkorpset er mellom 20 og 70 år. Eit allsidig, fagdyktig og godt team. 

Roar Willumsen

Roar

Roar Willumsen er barnevernspedagog. Han har gått idrettsline, har vore idrettsassistent på Håkonsvern, og har arbeidd nokre år for BUF-etat. Roar spelar fotball og volleyball, og er som ein fisk i vatnet. 

Daniel Meling er naturens konge. Han er utdanna guide i friluftsliv. Ser du eit fjell, så har han sikkert vore der til fots, på sykkel, eller på ski.

Britt Glomnes Willumsen er visepresident i Krokpollen og leiar for jentegruppe. Britt har vore lærar i 5 år, og har 25 års fartstid som styrar i barnehagar. Gift med Magnus og har 3 barn. Britt har pedagogisk utdanning som er til hjelp både i observasjon, kommunikasjon og bygging av sjølvbilde/mestring. Britt har lang erfaring innan entreprenørskap. Allsidige interesser: Musikk, drama, interiør, fysisk arbeid, og matlaging.

BrittDSCF7080

Ellen Skipenes er alt-mogleg-dame på leiren. Ho instruerer, lagar mat, og held leiren triveleg å vere i.  

Ellen20140426_173442

Mari Hole er fysioterapeut, med ei internasjonal volleyballkarriere bak seg. Ho har vore profesjonell spelar både i Tyskland, Frankrike, og USA. Mari har jobba i Krokpollen kvar sommar dei siste 5 åra. Ho kjem alltid tilbake til draumeplassen sin; Krokpollen.

Sindre Willumsen er styrmann, og periodevis med i Krokjen. Han jobbar i Fjord 1, driv dykking, spelar volleyball, fotball, og trekkspel, det siste for å irritere. Han har gått idrettsline, vore med Tall Ships-Race, og har scora mot Brasil i fotball !

Marit Hogstad er utdanna sjukepleiar. Ho er frå Tylldal ved Tynset, og er i Krokpollen når ho kan. 

Andreas Kissner er under utdanning som lærar i Bergen.

Sindre Willumsen er styrmann, og periodevis med i Krokjen. Han jobbar i Fjord 1, driv dykking, spelar volleyball, fotball, og trekkspel, det siste for å irritere. Han har gått idrettsline, vore med Tall Ships-Race, og har scora mot Brasil i fotball !

Sjur Atle Austrheim, er pensjonert purser i SAS, kokk, hotellmann og entertainer. Denne båtgalne lokalpolitikaren har eige sagbruk, spelar gitar og syng gamle Eagles-låtar til stor glede for alle. Sjur Atle er skipper på seglskuta «ungdom i medvind». Sjur er gift og har 3 barn.Kaffikopp med 3 bileter,3