«Ungdom i medvind»

"Ungdom i medvind" er eit unikt tiltak som starta etter oppmoding frå barnevernet i 2010. Over 150 ungdomar har vore med i tiltaket sidan den gong.

For fosterheimar / heimar vert tiltaket reikna som eit avlastningstiltak av barnevernet. For ungdomane som er med, er dette ein MEISTRINGSSKULE. "Ungdom i medvind" er altså ingen oppbevaringsarena, men ein pedagogisk utviklingsarena, der bemanninga er pedagogar.

Gjennomgåande kjerneinnhald:

  • Sosialisering
  • Meistringsdugleikar og opplevingar
  • Tryggleik og stabilitet
  • Omsorg og varme
  • Humor og livsglede / livsmeistrig
  • Haldningsarbeid

Andre tenester/innhald:

- Vi er FLEKSIBLE ved t.d. krise i heim/fosterheim, og stiller som ein BEREDSKAPSHEIM.    

- Ved t.d. skule-drop-out lagar vi tilbod med ALTERNATIV SKULE. T.d. kombinasjon skule/praktisk arbeid.  

- LEKSEHJELP / Skulestimulering/motivering med leksearbeid, opplesing til prøver, innleveringsarbeid. Vi har mange flinke pedagogar til slik oppfølging.

- LÆREKØYRING. Nokre fosterheimar nektar å "ofre" bilen sin... andre føler seg inkompetente. Dei fleste heimar har no automatgear. Yrkesfag krev ofte sertifikat for manuell gear. Vi har slik oppfølging på Byrkjelo. På eldste gruppe har vi hatt 8-10 køyretimar på ei helg. Føresetnad er traffikalt grunnkurs. 

- ETTERVERN er ei skjult bonus-teneste frå oss. Lenge etter at ungdomar har slutta hos oss, har vi kontakt med dei (telefonsamtalar, meldingar, snap-chat m.m.). Dette er ettervern på dugnad, fordi vi sjølvsagt vert glade i ungdomane som er hos oss. Kvart år har vi mange BESØK av tidlegare deltakarar.

- Vi registrerer at det er eit SOSIALT NETTVERK og eit "sikkerhetsnett" mellom deltakarar som er, og har vore, på same gruppe. Dette vert kanskje ein livslang effekt, fordi dei har ei felles plattform med felles opplevingar. 

 - SAMARBEID med foreldre/fosterforeldre. I mange høver er vi familierådgjevande/støttespelarar/coach. 

 - SAMARBEID med sakshandsamarar i høve evaluerering, men også i høve bekymring og varsling, om det er naudsynt. 

 

Vi har 3 grupper ...

...med inntil 10 ungdomar i kvar gruppe, etter følgjande grovinndeling:

Gr. 1: 11-13 år. Gr 2: 13-16 år. Gr. 3: 16-20 år

Desse gruppene samlast hos oss 1 helg/mnd, og til ferieopphald (sommarferie, haustferie, vinterferie). Vi har utvida helgatilbod knytt til skulefrie dagar, og er forøvrig fleksible når det er behov.

2 ulike base-campar i heilt ulike miljø, gjev brei meistringskompetanse og eit opplevingsrikt og variert innhald gjennom året. 

 Vinterhalvåret (november-april) : Krokahagen (Byrkjelo i Gloppen kommune). Sjå bileter under.

Sommarhalvåret (mai-oktober) : Krokpollen kystleirskule (Stad kommune, mellom Bryggja og Måløy). Sjå bileter under.

Alternativ skule:

  • Det ikkje alle som finn seg til rette i den ordinære skulen. Ta kontakt med oss dersom det er trong for eit individuelt tilpassa alternativ for perioden haustferie til påske. Vanlegvis er tilbodet på 2 faste dagar i veka, og kan enkelt endrast.

Base-camp i vinterhalvåret: Fureparken på Byrkjelo. 

  • Krokahagen på Byrkjelo ligg 150 meter frå "Bakar-Jon".
  • Vi disponerer 360 m2, fordelt på 2 etasjar.
  • Utsikt frå Base-campen på Byrkjelo.
  • 1. etasje har hyggeleg stoveavdeling.
  • Kjøkkenbordet i 1. etasje.
  • 1. etasje: Soverom.
  • 1. etasje: Soverom
  • 2. etasje: Opphaldsrom.
  • 2. etasje: Opphaldsrom.
  • 2. etasje: Kjøkkenbord til 10 personar.
  • 2. etasje: 4-manns soverom. I tillegg har etasjen 4 dobbeltrom.
  • Rett utanfor døra har vi bygd oss eit "real" luftslott. Ei trehytte det er stor rift om å få bu i.
  • Luftslottet som veleigna julemotiv.
  • "Breim Gu beire" står det i mønet på trehytta. Eit gamalt utsagn med ønske om at Gud må betre bygda.
  • Inne i trehytta er det mange ordtak, i taket. Eit konkret ordtak.
  • Sittegruppe i trehytta.
  • Mange ordtak også på veggane.
  • Utanfor trehytta har vi stor grillplass.
  • Krokahagen sett frå trehytta. Går vi inn i garasja til høgre på bilete, får du sjå innsida på neste bilete.
  • Klatrevegg og hengestolar / ninja-løype, med turnmatter under.
  • Utfordringar for dei fleste i vår eigen "gymsal".
  • Bordtennis er populært i aktivitetsgarasja.
  • Hoppestylter og einhjulssyklar er krevjande for motorikk og balanse.
  • "Gymtime".
  • Vanskeleg nok for dei fleste med underhengande klatring.
  • Blir du med inn i Man-caven, ventar neste bilete.
  • Retrotreningsapparat på veggen, tredemølle og ribbevegg.
  • Massasjestol, retro-musikk, overnattingshems, og sminkebord. "Damer er spesielt velkomne i man-caven", står det på døra.
  • Utandørs spa-bad er fristande for dei fleste.

Base-camp i sommarhalvåret:

Krokpollen kystleirskule. 

  • Krokpollen ligg i ytre Nordfjord. Stad kommune, mellom Bryggja og Almenning.
  • Jentehus, gutehus, forsamlingslokale, naust, og 100 meter brygger.
  • 40 båtar i alle variantar er tilgjengeleg for ungdomane våre.
  • Krokaparken er veleigna for fotball, volleyball, golf, frisbee og mykje meir.
  • Slakk line.
  • Prospektkort.
  • I enden av regnbogen finn ein gull, seiest det... For mange ungdomar er Krokpollen gull.
  • I fritt svev før dei landar.
  • Krokpollen vert nytta av mange skuleklassar. Båten vert nytta til ferieturar for "ungdom i medvind", og har plass til 10 personar.
  • Hente- og bringebåt.
  • På tur i småbåtar.
  • Tommel opp for litt action.
  • Hopping og dansing på fjorden.
  • Idyll på bryggene.
  • På tur til lakseoppdrett.
  • Med Euopas høgste havklippe i bakgrunnen.
  • Til Hoddevik for surfing.
  • Fisketur.
  • Køyring av båt er populært.
  • Kajakkpadling.
  • På skråplanet.
  • Matsal og forsamlingslokalet har plass til 50 personar.
  • Krabbekoking høyrer hausten til.
  • Selje, Selje kloster, og St. Sunniva, besøker vi ein gong i året.