Bedrifter

Alternativ for bedrifter:  

1. Ta bedrifta og medarbeidarane med på skråplanet… i seglbåt !

2. Blåtur, personalsamling, seminar

3. Aktivitetsdag for bedrift og familiar.  

1. Ta bedrifta på skråplanet !

Det er høve til å leige seglbåten «ungdom i medvind» for personaltur på Nordfjorden, med skipper. Ta bedrifta på skråplanet ! Vår 49″ Bavaria har stor salong, 3 bad, 5 doble lugarar, og stor uteplass. Dette kan bli ei flott og sjeldan oppleving for bedrifter under 15 personar.

Turalternativ frå Krokpollen eller Bryggja:

– Rugsund (2-4 timar med bevertning på Rugsund handelsstad).  D

– Rundt Rugsundøy (4-8 timar, alt etter kor ofte ein vil i land, kva ein vil sjå, grilling etc). Dei gamle krigsstillingane på Tongane er ei spennande vandring. Gjennom Skatestraumen og under sagnomsuste Hornelen, heksene sin samlingsstad og Europas høgste havklippe.  

– Måløy (ca. 4 timar med tur i land)

– Silden (ca. 6 timar)

– Selje kloster (ca. 10 timar)

2. Blåtur, personalsamling, seminar i Krokpollen ?

Blåturar: Vi kan tilby ei rekke aktivitetar i ei sosial og festleg ramme. T.d. skattejakt med småbåtar og påhengsmotor, segltur på Nordfjorden, grillkveld, fisketur, aktivitetar på land, krabbekoking og krabbefest (haust), fisketur, m.m.

Ta kontakt for å sjekke ut tidspunkt for opplegg på ettermiddag/kveld, også midt i veka.

Personalsamling/seminar:

Personasamling i ei annleis ramme. Vårt forsamlingslokale har plass til 40 personar, og er tilrettelagt med forelesningsutstyr (lerret, data, film). Vi har 4 lokaler for gruppearbeid.

Kombinert med aktivitetane over ligg alt til rette for ei vellukka bedriftssamling, rik på innhald, opplevingar, og sosialt samkvem.

Ein også besøke:

  • Krigsstillingar frå 2. verdskrig (Tongane på Rugsundøy)
  • Lakseoppdrettsanlegg, der vi kan sjå på 200 000 laks i mærene.
  • Minibussturar (etter avtale) til:
    • Måløy
    • Kråkenes fyr
    • Refvika sandstrand
    • Kannesteinen
    • Selje
    • Stadt
    • Vetvika

Overnatting: Krokpollen har enkel overnattingskapasitet i sovepose for inntil ca. 40 personar. 5 x 1-2 mannsrom, 2 x 4 mannsrom, 2 x sovesalar (8-12 pers). I tillegg har vi 8 lugarar på 2 seglbåtar. 

Mat: Vi kan ordne mat, eller bedrifta kan sjølv kan ordne dette. Vi har stor grillkapasitet, utstyr for krabbekoking, og disponibelt kjøkken. Mat- og menyavtalar må avtalast på førehand.

Prisar: Vi gjev pristilbod ut frå tal personar, varighet, avtale om mat, og ev. transport. Ta kontakt for å få eit tilbod frå oss utfrå rammene de har: varighet, tidspunkt, tal personar, m.m.

Kontakt: kystleir@gmail.com  Tlf. 99715222Info om Krokpollen:Krokpollen er ei vakker og uforstyrra halvøy som slenger seg ut i Nordfjorden, med Rugsund på andre sida. Ein idyll for ei bedrift !Dette er ei sjeldan naturperle som kan nyttast som ein spesiell arena for fritt utfald – eller for rekreasjon og lading av batteri. Spennvidda i stemning kan variere frå å stå i taket, til å vere rein terapi.

Vi tek på ledig tid i mot bedrifter for personalsamling, seminar eller blåtur. Vi kan tilby ei rekke aktivitetar i særeigne og litt spesielle anlegg.

Krokpollen ligg i Nordfjord, i den norske midtvesten, ca 15 km frå Måløy. Sandane lufthamn ligg 2 timar frå Gardermoen, 50 km frå leirstaden – og vi har eigen minibuss. Frå Bergen er hurtigbåt til Måløy, ei flott reise. 

Krokpollen er ein spesielt godt eigna stad for bedrifter som vil sveise saman arbeidsstokken, som vil lære å kjenne medarbeidarane på ein annan måte, og som vil samhandle med kvarandre i eit annleis miljø. Sjølve ramma er idyllisk, uforstyrra, og ein arena for fritt utfald.

Her er fiskerikt, cruiceskipa sklir like forbi naturperla, og her er mange moglegheite for mange ulike og spesielle tembuildingsaktivitetar.