Om oss

"Invitere framfor å privatisere"  er motto for Krokpollen, der leirskulen vert driven som ei familiebedrift.  

Idealisme er drivkrafta for engasjement i ungdomsarbeid, slik også i Krokpollen. Glade ansikt, meistring av nye ting, gjev stor inspirasjon. Om dette er innan idrett, musikk, eller på sjø, er om lag det same. Skilnaden er at alle har like gode føresetnadar for å meistre ein båt...

Magnus på trompet 2Magnus på tromme

Magnus Willumsen har bygd opp anlegga og har starta tiltaka i Krokpollen. Han er utdanna ved Norges Idrettshøgskule. Han har vore idrettsfaglærar i 31 år, og har vore trenar i idrettslag i 36 år. I 10 år arrangerte han Norsk Idrettsveke på Byrkjelo/Gloppen, med opptil 360 deltakarar. Han starta, og var leiar for Idrettsklubben til Breimsbygda IL i 11 år. Sidan 2000 har han vore "rektor" på eigen kystleirskule, og har hatt nær 15000 ungdomar på leir. 

Instruktørar:

Instruktørkorpset er mellom 20 og 70 år. Eit allsidig, fagdyktig og godt team. 

Sindre Willumsen

Sindre WillumsenSindre Willumsen (t.v.) med glade fiskarar i snekka.

Sindre Willumsen er styrmann, og periodevis med i Krokjen. Han jobbar i Fjord 1, driv dykking, spelar volleyball, fotball, og trekkspel, det siste for å irritere. Han har gått idrettsline, vore med Tall Ships-Race, og har scora mot Brasil i fotball ! 

Bernt Einar Hogstad

bernt einar med fiskBernt Einar

Bernt Einar Hogstad har gått idrettsline, folkehøgskule, og er utdanna lærar. Denne innlandskaren (frå Tylldal) var på vinnarlaget på pallestafett under Tall Ships Race - han sprang for livet, vass-skrekk som han har. Guten er uvitande utdanna marinebiolog, etter eit mageliggande 200 timars-kurs på brygga i Krokpollen. Guten dykkar, surfar, driv kating på breen, og er ikkje tung å be når oppdraget utendørs. 

Roar Willumsen

Roar Willumsen vurderer eit båtrace med turistskipetRoar

Roar Willumsen har gått idrettsline, har vore idrettsassistent på Håkonsvern, og er under utdanning som barnevernspedagog. Roar spelar fotball og volleyball, og er som ein fisk i vatnet.  

Sjur Atle Austrheim, er pensjonert purser i SAS, kokk, hotellmann og entertainer. Denne båtgalne lokalpolitikaren har eige sagbruk, spelar gitar og syng gamle Eagles-låtar til stor glede for alle. Sjur Atle er skipper på seglskuta «ungdom i medvind». Sjur er gift og har 3 barn.Kaffikopp med 3 bileter,3

 

 

 

 

 

 

Britt Glomnes Willumsen er visepresident i Krokpollen og leiar for jentegruppe. Britt har vore lærar i 5 år, og har 25 års fartstid som styrar i barnehagar. Gift med Magnus og har 3 barn. Britt har pedagogisk utdanning som er til hjelp både i observasjon, kommunikasjon og bygging av sjølvbilde/mestring. Britt har lang erfaring innan entreprenørskap. Allsidige interesser: Musikk, drama, interiør, fysisk arbeid, og matlaging.

BrittDSCF7080

Ellen Skipenes pendlar mellom Tallin og Krokpollen ! Ho er gift med Per Frode Kissner, og dei har 2 barn. Ellen har mangeårig engasjement innan frivilleg arbeid; skulekorps, div. idrettslag og idrettsgrupper. Ho har jobba med økonomi, som lærar m.m. Vi er heldige som har slike venner med i teamet vårt. 

Ellen20140426_173442

 Marit Hogstad studerer i Trondheim, og er i Krokpollen når ho kan. 

Sunneva Gimmestad tek lærarutdanning i Volda, og er med på "Ungdom i medvind" og leirskular. 

Andreas Kissner tek lærarutdanning i Bergen. 

Malin Støyva er utdanna lærar, med grunnfag idrett som tilleggsfag.

Kontaktinformasjon:

Krokpollen kystleirskule
c/o Magnus Willumsen
6826 BYRKJELO
 
Telefon:  99715222
E-post:  kystleir@gmail.com