Innhald

I 2020 feirar vi 20 års-jubileum som leirskulearrangør !

Krokpollen kystleirskule har kapasitet til ca. 45 deltakarar.

Kvifor maritim leirskule ?

Noreg si kyststripe strekker seg halve verda rundt. Kysten og havet har sytt for landet sin store rikdom gjennom olje, gass, lakseoppdrett, og fiskeri. Dette er dei 4 største eksportvarene til Noreg.

Derfor er maritim interessekveiking viktig for ungdomen vår. Dette skjer gjennom innhaldet under. Vi opplever framandgjordt ungdom som har vokse opp i fjæresteinane, men som ikkje har sløya fisk, ikkje har leita etter strandkrabber i fjæra, eller kan å ro ein båt. Å kunne å ro er ikkje berre å vere si eiga redningsskøyte, det er også kulturarv ! 

Vi ønskjer elevar velkomne til eit miljø dei fleste kan lite om – då har ein også mest å lære !

Brukarar gjennom 20 år har vore grunnskular frå Sogn og Fjordane og Sunnmøre (7.-10 klasse). Vidaregåande skular, Folkehøgskular, og Sjøspretten (studentar frå lærarhøgskulen i Sogndal).

Norsk Kystleir har fokus på oppleving, opplæring, kystkultur, sjø- og båtliv som rekrasjon, og sjølvsagt mykje moro. Vi er naturleg nok mest på sjøen, men vi har også noko fysisk aktivitet på land. Vi tilpassar innhaldet etter vèret.

Grunnleggande maritimt innhald:

  • Segling: Segltur med havseglar, og opplæring på segljoller 
  • Padling: Kanoar, kajakkar
  • Roing: Greier du roknappen ?
  • Motorbåt: Greier du kystleiren sitt båtførarsertifikat ?
  • Trøbåt: Til rekreasjon, fiske, mosjon, og moro.
  • Båtvit: Greier du kunnskapstesten ? 
  • Båtliv som friluftsliv, kystkultur, rekreasjon, og matauk.
  • Fiske med garn, stang, teiner (haust), m.m.
  • Livet i fjæra: Krabber, sjøstjerne, småfisk, småfisk, skjell, etc.
  • Sangkonkurranse har blitt eit varemerke for Krokpollen. 

Vi kan utvide innhaldet (ekstra kostnad) med: 

  • Krigshistorie:
    • Måløyraidsenteret, ca. 3-4 timar  (Puljevis inntil 15 stk.i båt/minibuss).
    • Krigsstillingar frå 2. verdskrig (Tongane på Rugsundøy).
  • Besøk på lakseoppdrett
  • Tur til Rugsund (med Noregs eldste handelsstad ?)
  • Vannsport: 4-manns tube.