Ungdom i medvind

​

Målet er å gje medvind i unge liv på alle plan.

Base for aktiviteten er Krokpollen Kystleirskule (sommarhalvåret), og Krokahagen på Byrkjelo (vinterhalvåret).

Vi har 3 grupper, som kvar har samling ei helg i månaden. I tillegg har vi tilbod i sommarferie (3-4 veker), haustferie, vinterferie, og dersom etterspurnad; påskeferie.
Gruppene er delt inn etter alder, eller andre kriterier, som t.d. kjemi, interesser etc.

Meistring i trygge omgjevnader er sentralt hos oss. Meistring bygger sjølvkjensle, og vi likar å kalle oss ein meistringsskule. Samstundes er opphalda hos oss prega av sosialisering, omsorg, rettleiing, og humor.

Vi samarbeider med ca. 10 kommunar samt BUF-etat.

Dersom de har ungdomar som treng medvind, så ta kontakt på mail: kystleir@gmail.com eller ring 99715222.

​_

​____

80-åring frå Eid: "Skal ein bruke Krokpollen til noko meir vetugt enn ungdom i medvind, må det vere Gud sjølv som finn på det".

 

​_____