Sommarleir

Vi har desverre ikkje planar om sommarleir for 2017 ! 

Etter 16 år med sommarleirar i Krokpollen, vel vi å ta pause frå dette arrangementet. Vi beklagar overfor dei som gledar seg til årets høgdepunkt, og som no vert skuffa. Det er ulike grunnar for at sommarleiren vert teken av agendaen.

Under kan ein lese om eit nesten uverkeleg og fantastisk innhald på tidlegare sommarleirar. 

 

Norsk Kystleir inviterer sommarleir 2016 - 11-18 år !    

- 26. juni kl. 1900 til 1. juli kl. 1700

- Plass til 40 deltakarar

- Påmelding:

Ein glad-leir med sjøsprøyt og gode sommaropplevingar i den norske midtvesten på den norske gullkysten  - i Nordfjord. Her vert det full fres med båtliv og mykje moro. Samstundes vert det litt "lay back", utan inn- og utringing etter timeplan !

Norsk Kystleir har fokus på oppleving, opplæring, kystkultur, og mange gode stunder. Sjølvsagt er vi mest på sjøen. Men vi har også skattejakt, stafettar, ballturneringar, sangkonkurransar, underhaldning, teambuilding, teikneserietimen, og mykje, mykje meir.

Send barn og ungdom til Vestlandet ! 

Opplev landsdelen, som med sine fjordar og brear, er kåra til verdas beste reiselivsmål heile 3 gongar, av National Geographics. Lat ungdom få besøke den kanskje mest produktive delen av Norge, med sine store forekomstar av olje, gass, fiskeri, lakseoppdrett, straumproduksjon, og turisme. 

Innhald:

  • Segling: Seglturar og opplæring på segljoller

  • Padling: Kanoar, kajakkar

  • Roing: Greier du roknappen ?

  • Motorbåt: Greier du kystleiren sitt båtførarsertifikat ?

  • Trøbåt: Til fiske og mosjon

  • Vannsport: 2- eller 4-manns tube ? Vannski ? Kunstar på brett ?

  • Båtvit: Greier du kunnskapstesten ? 

  • Båtliv som friluftsliv, kystkultur, rekreasjon: Kven kosar seg best og mest ?

  • Fiske med garn, stang, teiner, m.m.: Kven vinn fiskekonkurransen ?

  • Livet i fjæra: Krabber, sjøstjerne, småfisk etc.

  • Tur med vannscooter.

  • Kapasitet: 40 pers.

SURVIVEL-DØGN på Krokaholmen, for aldersgruppa 14-18 år (frivilleg). Må skaffe mat sjølve, bål, og med instruktør. TØFFT !