Skuleklasser

Krokpollen Kystleirskul tek i mot klassar i perioden mai/juni, og august/september.

Leirskulen er bemanna med 1-5 personar, og har kapasitet til omlag 50 personar.

Leirskulen legg vekt på formidling av allsidig båtliv, båtvit og sikkerhet, kystkultur, fisking, og sjøliv som friluftsliv og rekreasjon.

Leirskulen gjev opplevingar og opplæring på eit allsidig båtliv.

Innhald:

Segling, Seglturar og opplæring på segljoller.
Padling: Kano og kajakk.
Roing: Greier du ro-knappen ?
Motorbåt: Greier du krokpollen sitt båtførarsertifikat ?
Trøbåt: Til fisking og mosjon.
Båtvit: Greier du kunnskapstesten ?
Fiske med garn, fiskestenger, handsnører (harper), teiner.
Livet i fjæra: Krabber, sjøstjerne, småfisk, etc. (biologi).
Bading
Sangøkt. Krokpollen kystleirskule har obligatorisk sangøkt (skriking).

"Valfag" (ekstra kostnad)
Tube: 4-manns-tube. 1000 kr (for gruppa)
Ekskursjon til lakseoppdrettsanlegg (om det høver for Marine Harvest). Kr. 1000.
Tur til krigsstillingane på Tongane Kr. 1500.
Ekskursjon til Måløyraid-senteret. Kr. 100 pr. pers. (billett og reise).