Instruktørar

Desse jobbar på Norsk Kystleir

Magnus Willumsen er "rektor" for Norsk Kystleir / Krokpollen Kystleirskule.

"Idealisme er drivkrafta, og eg har alltid vore engasjert i ungdomsarbeid. Glade ansikt som meistrar nye ting er stor inspirasjon. Om dette er innan idrett, musikk, eller på sjø, er det same. Skilnaden er at alle har like gode føresetnadar for å meistre ein båt...". 

Britt Glomnes Willumsen er kona til Magnus... Ho gjer det koseleg og triveleg under leiren. 

Bernt Einar Hogstad er sjef for padling, våtdrakter, surviveldøgn m.m. Han elskar å dykke, kate i fjellheimen, surfe på Stadt m.m. Han går på lærarskulen i Sogndal, og elskar Krokpollen. 

 

Sindre Willumsen er styrmann på ankerhandtering i Nordsjøen, eller på ferje. Han er også dykker, fotball- og volleyballspelar - dessutan kan han alt i Krokpollen. Han stiller på i Krokpollen når han ikkje er på havet. 

 

Sjur Atle Austrheim er alt-mogleg-mann. På leirar stiller han som skipper på stor seglbåt, kokk, og dekker heilt sikkert fleire oppgåver. 

 

Ellen Skipenes er smilande medhjelpar på alle plan i Krokpollen. 

 

Roar Willumsen er alt-mogleg-mann i Krokpollen. Han har delvis vokse opp her, og tek seg av roing, padling, opplæring på påhengsmotor m.m.

 

Audun Egge er pensjonert båtsmann. Han er ein trollmann med tauverk, og lærer villeg vekk knopar, stikk, og spleis. 

 

Marit Hogstad er vannski-dronninga i Krokpollen. Ho hjelper til med alle oppgåver.