Mat og overnatting

Daglege rutinar:

  • 0900-1000: Frukost (ev. også smørje nistepakke)
  • 3 timars aktivitetsøkt.
  • 1300-1400: Lunsj (ev. nistepakke)
  • 3 timars aktivitetsøkt.
  • Ca. 1700-1800: Middag
  • 2 timars aktivitetsøkt.
  • Ca. 2100-2200: Kveldsmat
  • Ca. 1 time aktivitetsøkt.

Måltida vert justert i høve ekspedisjonar og båt-turar.

OBS ! Dersom matallergiar må vi ha beskjed.  

Overnatting:

Overnatting vert kjønnsdelt, til stor skuffelse for nokre. Vi har eit jente- og eit gutehus. I tillegg har vi eit "galnehus" for dei med idiotisk oppførsel, og ei "sutrebu" for dei sure og mugne, på utsida av halvøya. På innsida av Krokpollen er det berre smil og godt humør, og her skal det vere kjekt ! 

Vi har både kvinnelege og mannlege leiarar som overnattar saman med deltakarane dersom vi finn dette naudsynt.

Disponible overnattingsplassar:

  • Sovesal 1: Ca. 15 stk. (Gutehus)
  • Sovesal 2: Ca. 10 stk. (Jentehus)
  • 4-mannsrom: 2 stk. = 8 pers. (Jentehus)
  • 3-mannsrom: 1 stk. = 3 pers.
  • 2-mannsrom: 2 stk. = 4 pers.
  • Seglbåt "Ungdom i medvind 1": 6 stk à 3 doble lugarar.
  • Seglbåt "Ungdom i medvind 2": 8 stk à 4 doble lugarar (leiar i den 5. lugaren).